Hovedmeny
Interaksjon
Relaterte linkar



Administrator:
Brukarnavn:
Passord:

Valid CSS!

Sjedu.no - Nyhende frå Sørstranda i Gloppen kommune



Brev til grunneigarar


Til Huseigarar/grunneigarar
Rygg, 28.10.2006


Gode Sørstrendingar!

Her kjem ei lita oppfordring frå oss i Sørstranda utviklingslag.

Vi er vel alle samde i at Sørstranda er ein flott stad å bu. Det hadde difor vore positivt om vi hadde fått fleire til å busetje seg her. Dette er nødvendig av mange årsaker; både sjølvsagte ting som at det er ”grådigt” kjekt at det bur folk i nabohuset, men og det faktum at vi i framtida treng fleire barnefamiliar i bygda slik at vi kan oppretthalde barnehage, skule og organisasjonsliv i bygda. Det er ikkje så mange år mellom kvar gong skuledebatten går i kommunestyret…

Våren 2006 flytta ein familie frå Nederland til bygda og dette vart mogeleg fordi dei fekk leige eit hus. Utviklingslaget har i løpet av året vore i kontakt med fleire nederlandske familiar som kunne tenkt seg å flytte til Sørstranda, MEN det strandar på mangel av hus dei kan leige for ein periode medan dei ”prøvebur”, for å sjå om dei vil slå seg ned! Leige av hus/leilegheit i eit kortare tidsrom er naturlegvis viktig for fleire også.

Interessa for tomter til å bygge eigen bustad vil sjølvsagt variere frå år til år, men det er mange som har måtta flytte til Sandane og andre stader i kommunen fordi det ikkje har vore attraktive tomter å oppdrive på Sørstranda.

Kva gjer vi så med dette?

Utviklingslaget har prøvd å ha ein viss oversikt over ledige tomter, ledige hus og leilegheiter. Men det er ikkje alltid så lett å ha den nødvendige informasjonen. Så dette er eit løft heile bygda lyt vere saman om.

Vi foreslår å samle meir informasjon på Sjedu.no slik at alle som ynskjer kan halde seg oppdatert til ei kvar tid. Inne på nettsida kan vi eventuelt vise til kartreferansar og til bilete av det aktuelle huset, leilegheita eller den ledige tomta. Utviklingslaget tek på seg oppgåva med å få opplysningane registrert på Sjedu.no.

Dersom de tykkjer dette er ein bra ide og de har noko ledig de vil leige ut eller selje, må ta kontakt slik at informasjonen kan kome ut!


Har de spørsmål kan de ta kontakt først og fremst med Jeffrey, men også resten av styret som består av: Liv Henny Frøyen, Arvid Lothe, Petter Olav Rygg, Torunn Rygg.



19.11.06 13:34 - Andreas Ravnestad


Siste 10 kommentarar
Sjedu.No sine sponsorar:
  Foto Almenning
Siste 10 frå forumet:


Sørstranda nett no:
Sjedu.no nyheitsbrev
Få ein epost kvar gong det skjer noko nytt! Skriv inn epost-addressa di for å abonnere:

Copyright © 2002-2010 Sørstranda Utviklingslag - Datamann: Andreas Ravnestad - Sist oppdatert: Forrige veke en gong