Administrator:
|
|
Sjedu.no - Nyhende frå Sørstranda i Gloppen kommune
|
|
Nyheiter
frå Sørstranda Utviklingslag:
 Barn i løypa i kveldSkigruppa skriv: "Det blir "Barn i løypa" i måra, mandag 4.jan,på Loggane frå kl 17.00 til ca 19.00. Om forholda held seg blir det også på torsdag 7.jan til same tid. Finn fram skia og bli med!!!!!".
Det er meldt to minusgrader og opphold, so ingen grunn til å holde seg heime! (: Les meir (0 kommentarar) - Tilbake til framsidaPublisert 4.01.10 12:32 - Andreas Ravnestad
 Webcam og veirvarselSidan eg er forkjøla denne helga so nytta eg den ekstra fritida til å legge til webcam og veirvarsel i menyen til høgre →
God helg! Les meir (2 kommentarar) - Tilbake til framsidaPublisert 20.06.09 20:58 - Andreas Ravnestad
 Hus på Lagunen!Utviklingslaget har i fleire år prøvd å få entreprenørar til å ta på seg utbygging av Lagunen. Det har ikkje vore så enkelt, men no er vi nærmare ei realisering enn nokon gong før!
Våren 2006 vart det gjort ein avtale med Andor Hovden på Nordfjordeid som fekk opsjon på Lagunen dersom han sette i gong med oppfylling (og dermed husplanar, rekna vi med!) innan vel eitt år. Som dei fleste kanskje har fått med seg er Hovden i full gong med planleggingsarbeidet. Hovden er forhandlar for Norgeshus.
Han har annonsert i Firda Tidende med følgjande annonse:
Bustadområde på Rygg (Rygg Lagune)
Planarbeidet med tomtedeling, rør og kablar i grunnen pågår.
Interesserte tomtekjøparar og husbyggjarar kan ta kontakt for prospekt.
Andor Hovden, tlf. 93468389 http://norgeshus.no/andor_hovden/
Hovden har vore i samtale med fleire interessentar og ser at det er gode sjansar til å få starte med bygging. Som oss i utviklingslaget tykkjer han at området kan verte ein svært fin plass å bu, med kort avstand til barnehage, skule, ungdomshus og ikkje minst nærleiken til fjorden! Dersom nokon har interesse for båt og naust er det kanskje sjansar som kan by seg også. (Planlegging av småbåthamn på Sande eller ved å kontakte aktuelle grunneigarar som sit på nausttomter!?)
Andor Hovden har blant anna vore ansvarleg for utbygging i Mona på Kleivedammen. Desse småhusa kan likne ein god del på dei vertikaldelte leilighetene som kan vere aktuelle på Lagunen. Hovden understrekar at folk berre må ta kontakt for opplysningar. Han kan vere svært fleksibel, berre han får tilbakemeldingar om kva folk har behov for.
Slik det ser ut i dag vert det truleg gått for vertikaldelte bustadar på den halvparten som er mot vest, mot Kloggen. Lengst inne på Lagunen er det plass til einebustadar. Når det gjeld dei vertikaldelte husa, har han prospekt både på 2-roms, 3-roms og 4-/5-roms leilegheiter. (Sistnemde vert med loftsetasje).
Dersom han får eit visst antal interessentar som seier ja, kan han byrje å fylle opp området i løpet av hausten 2007. Ta kontakt om du har spørsmål. Kanskje Lagunen kan vere plassen for nettopp deg!! Les meir (0 kommentarar) - Tilbake til framsidaPublisert 22.06.07 13:46 - Andreas Ravnestad
 Aprilspøk: Lagune-tomtene endeleg seldeSørstranda Utviklingslag melder idag at tomtene dei disponerar på Rygg (området kjend som "lagunen") omsider har blitt selde. Kjøparen er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet Region Vest.
Sørstranda Utviklingslag og ein representant for direktoratet kunne søndag formiddag bekrefte at tomtene skal nyttast til oppføring av ein ny institusjon for ungdom med atferdsvanskar.
Frå pressemeldinga: "Med åpningen av Sørstranda ungdomssenter får Norden den første av en helt ny type institusjoner for ungdom mellom 14 og 18 år med alvorlige atferdsvansker. Dette er unge med problemer innen flere områder, som skole, relasjoner til jevnaldrende og familie.
Behandlingsmodellen som benyttes er et resultat av norsk-svensk samarbeid, under ledelse av prosjektleder, psykolog Tore Andreassen. Total behandlingstid for enkeltungdommer beregnes til 10-12 måneder. Ungdommene skal bo på institusjonen i seks måneder. Planlegging og konkretisering av mål for oppholdet og behandlingen gjøres når ungdommen kommer til institusjonen.".
Kontaktpersonar hos direktoratet:
- Prosjektleder, psykolog Tore Andreassen, mobiltelefon 90 07 13 48
- Regiondirektør Geir Kjell Andersland, mobiltelefon 41 41 89 80
- Styrer Mohamad Mehdi, mobiltelefon 92 05 88 35
Oppdatering: aprilspøk ;) Les meir (2 kommentarar) - Tilbake til framsidaPublisert 1.04.07 09:50 - Andreas Ravnestad
|
|