Hovedmeny
Interaksjon
Relaterte linkar



Administrator:
Brukarnavn:
Passord:

Valid CSS!

Sjedu.no - Nyhende frå Sørstranda i Gloppen kommune




Nyheiter :

Kommunestyret røysta for nedlegging av skulane

Kommunestyret var idag einige om at Rygg, Reed og Vereide skule skal leggast ned.

Les meir her: http://firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=5468

So får ein berre håpe at reknestykket går opp. Som Runar S. skriv på breim.origo.no, so må ein no kjempe for at pedagogisk kvalitet, innemiljø, arealkrav, lovverk og tryggleik blir ivaretatt.


- Tilbake til framsida - Tilbake til Ymse
Publisert 23.03.09 20:58 - Andreas Ravnestad


Kommentarar:

meg

23.03.09 22:16
Gløym i alle fall Montesorri-skule, det vil bli ei døgnfluge på Sjedu, trur eg. Den offentlege skulen i Gloppen er god, og borna på Sørstranda vil ha best av å vere i lag med alle andre i den vanlege skulen. Tenk framover til dei skal på Ungdomsskulen, og ikkje la dei få noko ord på seg for at dei kjem frå ein "særskule".

No trur eg ikkje SV vinn frm med sine programpostar, men vil no også minne om at der er krefter som ønskjer at ein ikkje skal ha slike spesielle skular.
deg

23.03.09 23:19
Jaha, so dei som ikkje har gått i den kommunale skulen kan forvente seg å bli håna når dei kjeme på ungdomsskulen? Det har vel dei håpefulle i so fall fått innprenta av trångsynte foreldre som deg: Arv og miljø, ikkje sant?

Kven er du som skal diktere kva foreldra på sjedu skal gjere etter den skammeleg framferda til fleirtalet av dei folkevalde?

Og, kvifor vert ein privatskule ei døgnfloge på Rygg? Dei einaste døgnflogene eg ser i denne saka er rådmannen og ein del kommunepolitikarar. Det skal bli litt velorganisert stryking ved neste val ja.

vi

23.03.09 23:43
Støttar heilt og holdent "meg" her. Det siste sjedu treng no er ein opprivande diskusjon kring privatskule. Nokon vil gå der, andre ikkje. Det blir uansett ei splitting av bygda som ingen er tente med. Trusselen "deg" kjem med ang. stryking ved neste val er det neppe nokon som blir veldig redde for. So lystigt som det no er å være kommunepolitiker skal vel partia være sjeleglade om dei greier å få folk på listene i det heile. Mykje takka være folk som "deg".
deg

24.03.09 08:48
Skjønar ikkje kva som er so opprivande med å diskutere privatskule? Kan vel neppe vere verre enn å legge ned?

Forstår at "deg" og "vi" frykta at vi på Rygg får ein skule som er uavhengig av kommuneøkonomien, og der foreldra har litt meir påvirking enn ka som er tilfelle i dag...

Forøvrig: Dei kommunepolitikarane som har gjort ein grundig jobb og forklarar velgarane kvifor dei inntar dei standpunkta dei gjere, er so si sak. Noko anna er dei viljelause fåra som strør sand på rådmannen si innstilling.
Bjørn Sande

24.03.09 09:44
Tydeligvis enkelte her som har liten peiling på kvalitet i skolen. Hvorfor tror noen at foreldre er villige til å betale 2000 kr. pr.mnd for en undervisning som ikke er bedre enn den i offentlig skole? DE fleste foreldre vet hva som er best for sitt eget barn i skolen!
Bjørn R

24.03.09 11:05
Hei Bjørn,

Det som du ikkje tar med i betraktninga er at skulen er meir enn ein stad der born går for å få undervisning. Skulen er ein sentral kulturbærar i små lokalsamfunn.

Forskning har vist at det ikkje går so bra med små bygder som ikkje har skule. Over tid fell bl.a inntektsnivå i befolkninga og verdi på fast eigedom vert redusert samanlikna med bygder av tilsvarande størrelse med eigen skule.

Dette i seg sjølv er vel grunn god nok til å ønskje å oppretthalde ein lokal skule?

Det kan sikkert hevdast at det ikkje er forskjell det som vert undervist. Læreplanar og mål er jo dei same for private og offentlege skular. Men, forskning på Montessori skular i USA, syner bl.a at desse elevane gjer det betre i matte og naturfag enn dei som er i den offentlege skulen.

http://www.montessori-ami.org/research/research.htm

Bjørn Sande

24.03.09 11:35
Mitt poeng er at mange foreldre er villige til å betale ekstra for at barna deres skal få en Montessori-undervisning. Dette fordi de er opptatt av kvalitet i skolen.
Freddy Brakestad

24.03.09 12:28
Forstår godt at folk er skuffa, både på Rygg, Vereide og Reed. Trøsta får vere at fleirtalet har talt - og dei er forholdsvis jamnstemte. Det betyr anten at vi som ikkje sit der dei får, ikkje har forstått noko som helst, eller at vi som ikkje sit der dei får faktisk er dei einaste som har forstått noko som helst.

Det er drittalt å vere forsøkskaniner for kommunestyret - og om fleirtalet der skulle ta feil, er det nok lite velvilje å hente frå oss som misser. Dei neste to åra blir eit vere eller ikkje-vere for Gloppen kommune. Det som er HEILT sikkert er i alle fall at prosessen ikkje er mulig å reversere. Gloppen Kommunestyre vedtok 23.03.09 å gjere gull til gråstein. No blir det opp til oss å gjere gråstein til gull igjen..
Bjørn R

24.03.09 12:54
Ok, då misforstod eg. Men sikkert noken her som kan vere interessert i å sjå på rapportane (sjølv om dei er på engelsk).

Har sjølv born i ein Montessoribarnehage tilknytta ein Montessoriskule og er svært fornøgd med det.
meg

25.03.09 01:03
Ang. strykingar ved neste val: Ved siste val var det no ikkje lov å stryke, men det er mogeleg at den øvelsen vert innført igjen?

Elles til "deg" som vil stryke: Still no i alle fall opp for eitt eller anna parti, og vis at du er mann for dine meiningar!
Framleis meg

25.03.09 10:00
Litt tilbake til første innlegget frå "deg". Sjølvsagt er det ingen som dikterer foreldra på Sørstranda kva dei skal meine, det er det inga makt i heile verda som greier.. Men det er lov å oppfordre folk til å tenkje seg om. Montessorri er eit sjansespel i mine auge, den offentlege skule i Gloppen er det sikre. Det ville vel bli dobbelt trasig dersom ein om eitt til to år finn ut at dette går ikkje likevel, og då får du ny endring for borna igjen. Dei vert kasteballar for foreldre og andre som har vikarierande motiv.

som det har vore nemnt før; å setje seg på ein skulebuss for å bli køyrde til Sandane Skule kan ikkje vere det store oppi dette. Mange rundt om i Noregs land har langt meir strabasiøse reiser for å kome til skulen. Det faglege er sjølvsagt like godt på Sandane som på Rygg.

Då står ein igjen med skulehus/samlingsplass-argumenta, og dei kan ikkje vere avgjerande i ein debatt om m.a. kommunen sin økonomi. Her er mange andre goder som vi også skal forsvare i kommunen, og som også berører folk i Breim, Sørstranda og Vereide.

Gloppen kommunestyre gjorde eit klokt vedtak i dagens øk. situasjon, og det er svært positivt at også fleirtalet vart så klart. Ein skal vere ganske arrogant og ovanpå for å seie at her sit 24 "idiotar" i kommunestyret, som ikkje har peiling på kommunen og alle innbyggarane sett under eitt, sitt beste.

"Deg" hevdar eg er trongsynt. Når eg prøver å tenkje samla for Gloppen, medan "deg" fokuserer på ei enkel sak i ei enkel grend (eller tre då, dersom vi tek med Vereide og Breim) trur eg kanskje det er å snu begrepet trongsynt på hovudet?
Freddy Brakestad

25.03.09 10:08
Det slår ikkje "Framleis meg" at vedtaket om å slå saman skular for å spare pengar, er gjort ut i frå det dei kallar "kvalifisert gjetting"..? I tillegg skal kommunen - som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon - no låne meir pengar for å investere - berre for å få att momsrefusjon for å kunne sprøyte dette direkte inn i drifta. Reed skule vil koste opp mot 10 millionar å gjere om til barnehage, Byrkjelo skule vil koste opp mot ein million å "oppgradere" (eller rasere, slik vi ser det) til eit dobla elevtal, Rygg skule vil koste x antal millionar å gjere om til eldreboligare, Teina barnehage vil koste x antal millionar å bygge om til eldreboligar, Bakkehuset på Reed vil koste opp mot ein million å "sanere", skuleskyssen for elevane frå Reed, Rygg og Vereide vil beløpe seg for kommunen på langt over ein halv million kroner.. Og så budsjetterar dei altså med at Reed skule skal byggast om av midlar dei får for salget av Byrkjelo barnehage.

Og dette kallar dei faktisk innsparingspotensiale.

Det skulle ikkje forundre meg stort om ein i løpet av den neste toårsperioden får krav/ønskjer frå dei skulane som består i dag om ei utbygging for å møte elevtalet. Kven kan argumentere mot slikt om to år - på bekostning av våre eigne born? Dette er taktikkeri det luktar rote av.
Du og

25.03.09 10:23
Gjetting Freddy? Kor du får tala dine frå veit ikkje eg, men utfrå sakspapir og den informasjonen som er lagt fram vil det koste ca 60 000 kroner å lage Brykjelo skule klar for det nye elevtalet. Kor du har fått 1 mill frå må gudane vite.

10 millionar for Reed skule til barnehage fell på sin eigen urimlegheit.

Bjørn Sande

25.03.09 11:21
Til Framleis meg.

Selv du må vel innrømme at en Montessoriskole f.eks. på Rygg, har større sjanse enn den offentlige, utfra dagens situasjon?
Framleis meg

25.03.09 13:00
Skjønar ikkje heilt kva du meiner. Dersom du meiner at Montessorri-skule har større sjanse enn ein barneskule i 2010 på Rygg, kan det vere rett, for skulen på Rygg vart nedlagt mandag. Men at den skulle ha større sjanse enn den offentleg, der borna på Sørstranda får gå på ein god skule med mindre enn 10 minutt ekstra skuleveg samanlikan med den dei hadde før, det fell på si eiga urimelegheit.

Privatskulen på Rygg er eit lotteri. I eit lotteri kan ein vere heldig å vinne, til og med største gevinsten, men sjansane for å tape veit alle er mykje større.

No veit eg ikkje korleis finansiering av ein slik skule er, men dersom det slik nokon skreiv her, kostar 2000 pr mnd pr. elev, er vel også det eit moment som ein del foreldre er nøydde å ta med i reknestykket. Eg har før samanlikna kommunal økonomi med husholdningsøkonomi; ein kan ikkje bruke meir enn ein har. Og eg ville i alle fall ikkje betalt desse tusenlappane inn i eit lotteri der eg ikkje visste at eg kom til å vinne den store gevinsten. Eg ville trygt ha sendt borna til skulen på Sandane. Der er det korkje skummelt, utrygt, eller spesielt dårlege lærarar.
Bjørn R

25.03.09 18:16
På Holmedal Montessoriskule betalar ein 300,- per elev per månad. Det er då inkludert mjølk og frukt. Ein betalar for dei 2 første i søskenflokken, medan nr 3, 4 osv er gratis.

Kva økonomi ein kan få i ein Montessoriskule på Rygg gjenstår vel å sjå, og det er vel difor ikkje nokon grunn til å spekulere før det er klart.

Eg forstår ikkje kvifor det vert omtala som lotteri å etablere ein Montessoriskule på Rygg? Kva har ein å tape (bortsett frå eventuelle skulepengar)?

PS: Forøvrig lurar eg på kva du meiner med "...spesielt dårlege lærarar" på Sandane? Er dei berre "litt dårlege" der?
Bjørn R

25.03.09 18:19
Det einaste "lotteriet" i denne saka er vel korvidt kommunen kjem til å spare noko...
framleis meg

25.03.09 19:19
"...spesielt dårlege lærarar" vart nok berre ein litt upresis talemåte. Trur nok dei er som gjennomsnittet på Sandane også. Nokre er ekstra bra, andre kunne kanskje funne seg ein annan leveveg...Slik har det vore på Rygg, og slik er det vel i alle skulane i Gloppen.

Lotteriet er m.a. kor mange sørstrendingar ønskjer å ha borna på Montessori-skulen (endeleg vart visst namnet rett..), kor mange år vil den evt. bestå, kva kostar dette i form av dugnad og kroner (skulepengar varierer svært etter det eg så vidt såg på nettet), kva med lærarkrefter, osv.? Som eg sa først; kan hende vinn ein topp-premien, men oddsen i alle lotteri er nok ikkje i favør av største gevinsten.

Eg har framleis ikkje mista trua på at den vanlege, offentlege skulen er best for glopparane.
Jonny R

25.03.09 20:30
Etter å ha lest alle innlegga så må eg seie eg er litt overraska over at folk kan vere så negative til eit alternativ som ein ikkje kjenner endå.

Før ein kan uttale seg om kostnadar og konsekvensar av ein evt.Montessori skule på Rygg, må ein få korrekte tal og fakta fram.

Eg stiller meg også undrande til at enkeltpersonar kan sitje å uttale seg så bestemmt om ei sak uten å kunne skrive under med navn. Syns det er svakt å gøyme seg under "meg", "vi", "fortsatt meg" m.fl.

Lat oss håpe på at ein får fram eit godt alternativ der kostnadar er overkommelege og fagleg opplegg er godt. Det vil vere ein styrke for dei unge i bygda å kunne starte skuletida i nærområdet og få eit trygt samhald før ein tek steget vidare i livet.
Andreas Ravnestad

25.03.09 20:38
Innlegg som held fram med å bruke den teite lotteri-metaforen blir heretter sletta uten varsel.
steffen

25.03.09 23:20
Eg må fyrst få seie meg einig med Jonny. Om ein ikkje tykkjer sine eigne meiningar toler ein signatur med navn kan ein like godt halde dei meiningane for seg sjølv. I alle høve mister innhaldet i slike innlegg litt "kraft" for min del.

Dernest vil eg personleg takke Rygg skule for ei god barneskuleopplæring. Som alle andre plassar var der gode og mindre gode lærarar. Slik det også er i alle andre yrker.

Men, det eg tenkjer attende på som det mest givande med å gå på ein liten skule var kontakten lærarane får med elevane i kraft av at ein har små klasser. Ein opplevde å bli sett og forstått av lærarane sine noko som vert mykje vanskelegare når klassestorleiken er på 30 elevar kontra 9 som vi var.

Eg er også spent på kor mykje kommunen faktisk sparar på å legge ned skulane på Rygg, Vereide og Breim. Dette får vi jo faktisk moglegheit til å finne ut av ettersom vedtaket faktisk er fatta. Men eg håpar verkeleg at Rygg satsar på å prøve med privatskule. Det er viktig for bygda og for meg personleg er det faktisk med i vurderinga når ein skal finne ein stad å etblere seg. Blir Rygg skulefritt er det dessverre eit argument som talar i feil retning for min del.

Prøv!!! kva har ein å tape!!!??
Framleis meg

26.03.09 09:54
Så får det bli siste gong då, frå "meg". I ein slik debatt er det ikkje fullt så enkelt å stikke nasa fram med fullt namn, i alle fall dersom ein har "feil" meining, og framleis ønskjer å vere på like god fot med alle sørstrendingar som før. For legg merke til; så godt som alle som flaggar med fullt namn er politisk korrekte - på Sjedu.

Så takk for meg, eg har ikkje det minste problem med å halde meg borte frå Sjedu.no. Men eg har på følelsen av at eg har hatt nokre moment om privatskule som heilt sikkert ein del tenkjer over. Lotteri eller ikkje, herr redaktør.
Du og

26.03.09 23:38
Ein brannfakkel kanskje, men kor har ein tenkt å ha den private skulen?
Jon Ravnestad

29.03.09 00:20
Ikkje kor, men kvar skal skulen vere. De må ikkje skrive so fort at det vert feil. Etter å ha sett alt det som har vorte skrive ovanfor, kjenner eg meg ganske trygg på at Gloppen Høgre vil syte for at det vert gjeve rom for det private initiativ. Ideologisk burde dette stemme. Skulepartiet Venstre kan ein ikkje vente vil setje seg mot mangfald . Sponhheim har uttalt at ein bør vise "raushet" når det gjeld slike tiltak. Så var det Senterpartiet då. Eg trur at dei og vil forstå. I Ålesund, på Senterpartiet sitt landsmøte seier Navarsete at ein skal satse på Skule. Så stort sett ser det lyst ut for at vi framleis skal ha eit godt skulemiljø på Rygg. Det gode samarbeidet Skule/Idrett som dei har På Sandane ,på Breim,i Hyen og på Austrheim, det har vi også på Rygg/Nesjan Og der er dei frå dei andre område også med.Eg tenkjer då på Skeistranda, Hyeneset Skjærdalen. Vi har alle eit godt felleskap.
:)

3.04.09 12:45
http://www.firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=5483

Lukke til! =)


Post kommentar:

Navn:
Skriv det som står
på bilete til høgre:
Tekst:


Siste 10 kommentarar
Sjedu.No sine sponsorar:
  Foto Almenning
Siste 10 frå forumet:


Sørstranda nett no:
Sjedu.no nyheitsbrev
Få ein epost kvar gong det skjer noko nytt! Skriv inn epost-addressa di for å abonnere:

Copyright © 2002-2010 Sørstranda Utviklingslag - Datamann: Andreas Ravnestad - Sist oppdatert: Forrige veke en gong