Hovedmeny
Interaksjon
Relaterte linkar



Administrator:
Brukarnavn:
Passord:

Valid CSS!

Sjedu.no - Nyhende frå Sørstranda i Gloppen kommune




Nyheiter :

4H: Komparmiddag i Runnevang

Komparmiddag i Runnevang Fredag 3. april frå kl.15.00 til kl. 18.00.

Vi sel komparar med tilbehør, og kaffi og kaker etter middagen. Det vert trekning av kakelotteri og eit bruktmarked der det vert seld "treningsutstyr".

Inntektene går til "Latvia" prosjektet vårt der vi har oppretta kontakt med ein 4H klubb i Latvia.

Vi håpar mange vil kome og ete middag i Runnevang denne dagen :)

Arr: Kløveren 4H ved: Mari, Sunniva, Eirik, Ole Martin, Svein Inge, Bjørn Arild og Jon Magne.


- Tilbake til framsida - Tilbake til Ymse
Publisert 31.03.09 13:42 - Andreas Ravnestad


Kommentarar:

Egil

31.03.09 22:52
Glimrande tiltak. Vi kjem garantert.
Dagfinn N

1.04.09 16:08
Skulle gjerne vore der, når Latvia-gjengen trår til. Men vi tek i staden ei samling for Latvia-turdeltakarane i morgon, torsdag kl 19.30 når de like vel er i Runnevang på kompar-førebuing. Foreldre må gjerne også stikke innom, slik at vi kan informere, svare på spm., osv. Eg ser fram til å ta desse ungdomane med på tur; svært pålitelege rykte fortel at dei er kremen av kremen på Gloppen Ungdomsskule!
Jon Ravnestad

15.04.09 00:18
Dette vekkjer undring. Pålitelege rykte, og kremen av krem. Ka hon ha dette med kompar å gjere? Eg ser fram mot ei avklåring når leiar og andre kjem heim att frå Latvia.
Dagfinn Nyhammer

20.04.09 23:15
Skal ikkje vere nødvendig med avklåring! Dette var ungdomar som de vaksne der ute på Sørstranda kan beundre! Tvers igjennom trauste og bra representantar for sjedu-standen! Kremen av krem; på komparar kan du ha sirup, og då går det vel greitt med litt krem og??
Jon Ravnestad

25.04.09 00:36
Eit gamalt ordtak seier:Det vert aldri so gildt at du kan eta smør med skjei!Det ordtaket er vel ikkje aktuelt nett no. Det som derimot er aktuelt, og alltid vil vere det, er at alle skal inkluderast. Derfor er der ikkje på Sørstranda so vidt eg veit nokon Creme de la Creme. Her er alle like gode når vi sender dei frå oss, og so får vi vone at alle vert vurdert som likeverdige, ikkje som kremen, smøraue i rømegrauten, eller kva anna ein måtte finne på.
Dagfinn Nyhammer

30.04.09 16:01
Ja, ja, alt skal ikkje vere like enkelt...


Post kommentar:

Navn:
Skriv det som står
på bilete til høgre:
Tekst:


Siste 10 kommentarar
Sjedu.No sine sponsorar:
  Foto Almenning
Siste 10 frå forumet:


Sørstranda nett no:
Sjedu.no nyheitsbrev
Få ein epost kvar gong det skjer noko nytt! Skriv inn epost-addressa di for å abonnere:

Copyright © 2002-2010 Sørstranda Utviklingslag - Datamann: Andreas Ravnestad - Sist oppdatert: Forrige veke en gong