Sjedu.no - Nyhende frå Sørstranda i Gloppen kommune
Nyheiter
:
Jonsokfeiring på Sandsneset
Jonsoknemda oppmodar alle som har brennbart material som dei ynskjer å bli kvitt om å kjøyre det ut på Sandsneset. Det kan være treverk, pallar, busker & greiner, kanskje ein gammal færing eller liknande, men husk - ikkje boss.
Eg berre lurer på ein ting: Heiter det offisielt Sandsneset no? Er det heilt slutt på å seie Sandneset?
Jonny R
5.06.09 14:35
Eg er vel i yngste laget til å slå i bordet om stadnamn, men oppe i kvia har vi alltid kalla det Sandneset i allefall.
steffen
5.06.09 16:47
Sandneset! (uttalt "sannese")
;)
Andreas Ravnestad
9.06.09 07:27
Då eg publiserte denne saka so var eg usikker på om eg skulle endre "Sandsneset" til "Sandneset", men eg lot det stå. Eg venta faktisk at dette ville bli kommentert! :)
Eg er, personleg, heilt einig i at Sandneset er det riktige namnet. Sandneset er også det namnet ein ser på kartet. Då skulle det vel ikkje være nokon tvil lenger?