Og i tillegg skal vi få eit gjensyn med Quissels! Dei har funne fleire sørstrands attraksjonar som dei vil presentere for oss på sin særeigne måte.
I år kan vi by dei frammøtte ein Quiz med rikeleg av utfordringar i tillegg til litt show og noko humoristisk innhald....
Er det nåken som er klare med sine lag?
Jonny
28.12.09 14:10
Det kunne med fordel vore lagt ut klokkeslett for oppstart. For det er vel vanskeleg å hive seg med på quiz etter at dei andre er starta ;)
Eirik Alf
29.12.09 08:56
Dørene opnar 19:30 og Quiz`n startar 20:00. Møt opp i god tid.
Hans Jørgen
29.12.09 18:13
Kor mange kan det vere på eit lag?
Bjarne
29.12.09 20:52
Normalt so er det plass til 6 pers rundt et bord, men erfaring tilseie at ein gjerne blir 8 til 10 på det meste....
Heidi
30.12.09 11:37
Kan ein melde på lag på førehand, eller er det "først til mølla"?
den kuriøse
3.01.10 02:27
Kor monge va det so koste seg?? Kor monge e det som ve kome igjen ett anja år?
Te dokke i komiteen: E`kje det merkjeleg at de ikkje har fått meir skryt?
Den spyrjande famlar etter svar,
kan hende også etter kommentar.
Jørn L
8.01.10 07:30
Innlegg som dette irriterer meg grenselaust. Eg og alle andre eg har snakka med som var i Runnevang denne kvelden storkoste oss. Heilt einig med Asbjørn som takka dei som står bak arrangementet og som håpar at dette kan bli ein årleg seanse. Sånt negativt, unnskyld utttrykket, piss, som " den kuriøse" her kjem med kan vi med fordel bli spart for.
den kuriøse
27.03.10 10:37
Det er ikkje kvar dag eg er inne på forum. Eg ser til min store fortvilelse at eg er feiltolka. eg prøvde å vere morsom, men det skal eg vere forsiktig med. Eg er udelt positiv til Julequissen. Fantastisk moro . Stå på. For å svare på spørsmål 1 i forrige innlegg: Alle koste seg. Spørsmål 2: Alle kjem igjen neste Jul. Lukke til