Sjedu.no - Nyhende frå Sørstranda i Gloppen kommune
Nyheiter
:
Aprilsnarr: Morafta sperra for ferdsel grunna fare for fleire snøras
Som nokre har fått med seg so har det nylig gått eit snøras oppe på Morafta. NGI (Norsk Geoteknisk Institutt) har no vore på staden på synfaring, og har saman med politi og redningstjeneste beslutta å stenge Morafta for fri ferdsel til etter påskehelga. Dette er på grunn av veirmeldingar som varslar auke i temperatur i tillegg til snøfall i fjellet dei siste dagane.
Senioringeniør Ketil Brattlien ved NGI seier at sjølv om snøras på Morafta er særs sjeldan, so er sannsynligheten for fleire ras no so stor at det ikkje er forsvarleg å tillate allmenn ferdsel. Spesielt problematisk er det at dei fleste går veldig seint oppover i fiskebein og renn nedatt i ujamne spor, då dette er ein vanleg katalysator for snøras.
Området som er avsperra kan ein sjå på illustrasjonen over. Dette omfattar området over tregrensa mellom Berdalen til venstre og Kvitefella/Kvandalen til høgre.