Hovedmeny
Interaksjon
Relaterte linkar



Administrator:
Brukarnavn:
Passord:

Valid CSS!

Sjedu.no - Nyhende frå Sørstranda i Gloppen kommune




Nyheiter :

Skulesprenging

Ein kan lese i Firda Tidend at Sandane Skule og Nordstranda Skule no har elevtal som ligg ein del over det skulane er bygd for. Og som Bjørn skreiv i gårsdagens leiar, so blir det no diskutert utbygging av Sandane Skule medan Rygg Skule framleis skal stå tom. Samtidig blir det brukt store summar på vedlikehald av Rygg Skule.

Det er mykje som kan seiast om prosessen som har leia fram til dagens situasjon, men utviklinga framover blir uansett spennande å følge med på!


- Tilbake til framsida - Tilbake til Ymse
Publisert 27.05.10 11:14 - Andreas Ravnestad


Kommentarar:

Torbjørn Sælen

28.05.10 12:06
Så les vi i avisene at skulesjefen er uroa over av 5. klassingane les dårleg at ein må setje inn ekstra innsats til neste år.

Dersom lesedugleiken er så dårleg var det vel ikkje lurt å sende elevane inn i større klasser utan ekstra lærararkrefter, dei blir vel ikkje betre lesarar av det. Men skal ein spare pengar må det gå ut over eit kvart og alle sjønar at elevane er dei som taper. Det bør ikkje vore noko overasking at det faglege nivået går nedover.

Jon Atle Ravnestad

28.05.10 22:30
Det er heilt apeleg at ikkje de unge engasjerer dykk i debatten. Kvar går vi, kva vil vi? For omlag 100 år sidan var folket på Sørstranda opptekne av utviklinga, ikkje berre lokalt, men nasjonalt. I avisene (og i andre møleg tilgjengelege organ) vart det skreve og debattert. I Breim skreiv presten at han ville be for ordføraren som skulle styre Breim då fyrste verdskrigen braut ut. I ungdomslaga i bygdene rundt Gloppefjorden, sikkert også i Hyen og Breim, hadde dei føre seg Dostojefski. Han vart analysert til beinet i debattane. Bøkene gjekk på lån. Kvifor får vi ikkje meiningsutveksling i dei mangfaldige fora som vi har i dag?
Peder

7.06.10 00:48
Kvifor ingen unge engasjerar seg?

Det er jo de eldre som fører denne kampen, dei unge forstår, aksepterar, og respekterar vel avgjerdslene.

Er nok ikkje like kjekt å skulle seg til "fiende i eige land" ved å argumentere mot det dei sterke meiningsbærarane på Sørstranda.

Sjølv eg hadde nok ikkje vore tøff nok i trynet til å seie høgt at eg var for skulesamanslåingane, dersom eg var oppvaksen i den tru at utan ein skule i næraste nærmiljø, så vil bygde forfalle.


Post kommentar:

Navn:
Skriv det som står
på bilete til høgre:
Tekst:


Siste 10 kommentarar
Sjedu.No sine sponsorar:
  Foto Almenning
Siste 10 frå forumet:


Sørstranda nett no:
Sjedu.no nyheitsbrev
Få ein epost kvar gong det skjer noko nytt! Skriv inn epost-addressa di for å abonnere:

Copyright © 2002-2010 Sørstranda Utviklingslag - Datamann: Andreas Ravnestad - Sist oppdatert: Forrige veke en gong