Administrator:
|
|
Sjedu.no - Nyhende frå Sørstranda i Gloppen kommune
|
|
Årsmelding for Sudstrands Ungdomslag 2006
Ungdomslaget har i 2006 hatt følgjande styre:
- Elfrid Rauset, leiar
- Ragnhild Rygg, nestleiar
- Lena Eide, skrivar
- Terje Arnestad, kasserar
- Helge Geir Finnestad, styremedlem
- Jonny Ravnestad, 1.varamedlem
- Ingeborg Dale, 2.varamedlem
Årsmøte 06.03.05 og 19.02.06 vedtok einstemmig å melde Sudstands Ungdomslag ut av Noregs Ungdomslag og utmelding er gjort med verknad frå 2006.
Årsmøte 2006 ba ungdomslaget ta initiativ til ein prosess for å omfordele eigarskapet i Runnevang. Denne saka er teke opp av Brodd og Husstyret.
Arrangement i regi av ungdomslaget i 2006
- Sommarmiddag i Runnevang 07.juli med servering av grillmat med tilbehør.
- Familiesøndag i Runnevang første søndag i advent 03.12.06 med juleverkstad/marknad, eit fellesarrangement med soknerådet etter tradisjonelt opplegg.
Rygg, 04.februar 2007.
For styret i SUL
Elfrid Rauset, leiar
22.03.07 19:01 - Andreas Ravnestad
|
|
|
|