Hovedmeny
Interaksjon
Relaterte linkar



Administrator:
Brukarnavn:
Passord:

Valid CSS!

Sjedu.no - Nyhende frå Sørstranda i Gloppen kommune



Referat, styremøte Sørstranda utviklinglag


Dato: 29. juli 2007 Stad: Kloggenhagen Tilstades: Jeffrey, Arvid Liv Henny, Petter Olav, Torunn

Referatsaker
  • Informasjonstavle: Planlegg ei info/kulturminne – tavle i sentrum. Kan få kulturmidlar, men bør setje opp ein søknad som også viser eigeninnsats. Spørje Ungdomslaget og Brodd om dei vil vere med å spleise, td. 1000 kr. Torunn arbeider vidare med saka. Prøve å få klarlagt meir første del av hausten!
  • Grasklipping ved ballbingen/volleybana: Uviklingslaget betalte for annonse. Fekk 1 tilslag. Fekk gratis klippar av Kirsten og Ingolf Mykland. Hurra – og takk! Runnevang eig klipparen. Hans Sande har klipt graset i sommar!
  • Bua: Tanken var å få rydda bua i løpet av 2007. Dette tek vi att våren 2008. Seie opp forsikringa av Bua? Jeff forhøyrer seg om vilkåra før vi bestemmer noko.
  • Rydding av rabatt i Posten: Har lagt duk og bork og planta nokre grøne små busker!


Sak 1 - Boss-spann ved ballbingen.

Jeff kontaktar leiar i Brodd og høyrer om det kan ordnast. Må avklare kvar dei kan få levert bosset!

Sak 2 - Sjedu.no

Diskusjon om lag og organisasjonar sjølve kan legge ut informasjon på Sjedu.no. Semje om å prøve dette. 1 person pr. lag/org. får passord/brukarnamn. Andreas får ansvar for å kontrollere dette. Petter Olav skriv eit brev om saka og ber om tilbakemeldingar på interessa i løpet av september. Brev sendast til Brodd, Ungdomslaget og 4H. (4H har link til eiga heimeside, men ikkje oppdatert sidan 2004!) (Skulen har link til sida, barnehagen planlegg å få eiga heimeside)

Sak 3 - Lagunen

Status pr. d.d.: 1 interessent har sagt klart ja. Hovden treng minst 1 int. til for å kunne gå i gong med ei vertikaldelt leilegheit. Jeff og Hovden arbeider vidare med saka. Vi må også følgje opp innspelet til kommuneplanen om eldrebustadar. Jeff snakkar med Solveig Moritsgård og orføraren. NB! Dersom det ikkje har skjedd noko utbygging på Lagunen innan 2008/2009 går området attende til kommunen….

Sak 4 - Bryggja – støyping av den avkutta enden

Vanskeleg å få anbod frå nokon. Konklusjon: prøve å gjere jobben sjølv. Arvid og Petter Olav tek saka.

Sak 5 - Revymidlar

Det er overført kr. 25.888,- frå Revy-gruppa til utvilinglaget. Det er nesten 50% av overskotet frå revyen vinteren/våren 2007. Tusen takk!!

09.08.07 Torunn skreiv!

15.08.07 13:36 - Andreas Ravnestad


Siste 10 kommentarar
Sjedu.No sine sponsorar:
  Foto Almenning
Siste 10 frå forumet:


Sørstranda nett no:
Sjedu.no nyheitsbrev
Få ein epost kvar gong det skjer noko nytt! Skriv inn epost-addressa di for å abonnere:

Copyright © 2002-2010 Sørstranda Utviklingslag - Datamann: Andreas Ravnestad - Sist oppdatert: Forrige veke en gong