Administrator:
|
|
Sjedu.no - Nyhende frå Sørstranda i Gloppen kommune
|
|
Julereportasje frå Gullfaks A
Vi er to sørstrendingar, Rigmor og Inge Morten, som vil sende ei lita reportasje frå vår jul på Gullfaksfeltet i Tampenområdet, 160 km vest for Sognefjorden.
Fakta om plattforma vår: Gullfaks A er 270m høg, av dette 135m under havoverflata. Frå nederste dekket ned til havflata er det ca. 30 m. Havdybda på Gullfaksfeltet er frå 130 -220m. Det er 330 lugarar om bord. Vi er 185 personar ombord julafta.
Siste døgns oljeproduksjon Gullfaks A 9976 Sm3, mottatt frå Vigdis 9924 Sm3 og Visund 5302 Sm3, som utgjer den nette sum av 31,2 mill NOK (blir vel ei flott julegåve på oss her ombord..hmm :)).
Vi er ikkje på juleferie, jobbar kvar dag i 14 dagar frå 0700 til 1900. Vi er godt sytte føre i jula, vi har ei breimstaus te kjøkkensjef (Jorunn M Johnsen) so vi får pinnekjøttet servert på gløppisk vis. Men ho nekta blankt å bryggje sukkerøl til Inge Morten... cæn ju thenk ju ...!!! :)
I vår avdeling er vi 4 kokkar (ein på nattskift) 1 forpleiningsleiar og 10 servicearbeidarar (ein på nattskift). Kjøkkensjefen har bestilt inn 210 kg pinnekjøtt til jul og nyttår (..er det rart det held på å gå tomt på markedet..?) Ho serverar 100 kg pinnekjøtt, 60 kg svineribbe, 10 kg julepølse, 10 kg medisterkaker og 10 kg sossiser på julafta. (190kg kjøt fordelt på 185 personar på éin kveld -- det ekje gale! red.anm)
Rundt om på dei forskjellige avdelingane ombord (dei har eigne kaffebarar) har dei markert jula med pynting av juletre og annan julepynt. Enkelte områder er reine julegater, veldig koselig. Vår avdeling har ansvar for pynting av juletre (ekte tre) i spisesal og i rekreasjonsrommet. Julafta har vi kvite dukar på spiseborda og pyntar med blomster og lys.
Julafta går vi rundt juletre og syng julesangar, tale av plattformsjefen, 1. juledag kl 1000 er det gudsteneste i kinosalen ved sjømannspresten. Elles er det lagt opp til forskjellig underholdning på kveldane, med quiz og annen lokal underholdning, 6. juledag kjem Alex Rosen ombord og skal ha underholdning for oss, med sitt show "Berserk til Vallhall".
Værmelding for Tampen/GFA: Julafta, Sør - Sørvestlig vind opp mot liten storm nord for 61N, Bølgehøgde 9,5m, vindstyrke 36 knop, temp 8°C, Stort sett opphald.
Meny Julafta:
- Risengrynsgraut m/mandel Pinnekjøtt, julepølse
- Lutefisk m/tilbehør Svineribbe, sossiser og mesdisterkaker
- Kyllingbryst m/ostesaus Julens desserter
Meny 1 Juledag:
- Kremet Skalldyrsuppe Viltgryte
- Ovnsbakt Breiflabb Stort JULEkoldtbord (kjem bilete)
- And m/appelsinsaus (nam, nam)
Drikke: Brus og Munkholm
Riktig God Jul frå oss her ute i havet :)
23.12.07 20:22 - Andreas Ravnestad
|
|
|
|