Hovedmeny
Interaksjon
Relaterte linkar



Administrator:
Brukarnavn:
Passord:

Valid CSS!

Sjedu.no - Nyhende frå Sørstranda i Gloppen kommune



Bondelaget: Nedlegging av grendaskular i Gloppen


Dei siste månadane har vi lese i avisene at Gloppen kommune vurderer å legge ned fleire av grendaskulane i kommunen. Det har vore halde møte om saka i krinsane, og mange er redde for at skulen dei soknar til, forsvinn.

Gloppen bondelag ynskjer å framheve verdien av å ha skular på bygdene. Skulen er eit naturleg samlingspunkt i ei bygd .Gloppen bondelag ser skulen som ein svært viktig faktor for å oppretthalde levande bygder. Mange aktivitetar for borna er samla på og rundt skulen, som f.eks. idrett og 4H. Desse kan bli kraftig reduserte om bygda misser skulen. Det er og usikkert om nye generasjonar buset seg på gardsbruka og byggjefelta i grendene om dei må sende borna med bussen kvar dag. Fylgjene kan bli stagnasjon og avfolking. Vil Gloppen kommune at alle nyetableringar skal skje i sentrumsområdet?

Born som blir fråtekne nærmiljøskulen, får dårlegare fysisk og psykisk helse, viser forsking. Borna får lenger arbeidsdag og dermed mindre fritid. Dei får og dårlegare opplæring om lokalsamfunnet dei bur i, og bygdekulturen kan gå tapt.

I mange bygdelag har folket som bur der, lagt ned ein stor dugnadsinnsats for skulen og miljøet rundt. Når kommuneøkonomien har skranta, har folk i bygda stilt opp og måla både ute og inne, sydd gardiner og opparbeidd uteområde. Dette har dei gjort fordi skulen er ein del av bygda og nærmiljøet, og dei føler at dei har eit eigarforhold til skulen. Folk på bygda føler ikkje det same for ein skule langt unna der dei bur.

Kva skal så Gloppen kommune bruke dei nedlagde skulebygningane på bygdene til? Blir dei ståande som spøkelseshus, målingsslitne utan vedlikehald? Har kommunen pengar til å vedlikehalde skulehus som står tomme? Vi trur knapt dugnadsinnsatsen blir like stor blant bygdefolk til slike prosjekt.

Gloppen bondelag meinar at skule i nærmiljøet er avgjerande for gode oppvekstvilkår, framtidstru og busetnad på bygdene våre. Ein jordbrukskommune som Gloppen bør difor ikkje forhaste seg i denne saka.

Med helsing styret i Gloppen bondelag.

Bjarne Hauge, leiar.

30.01.09 11:18 - Andreas Ravnestad


Siste 10 kommentarar
Sjedu.No sine sponsorar:
  Foto Almenning
Siste 10 frå forumet:


Sørstranda nett no:
Sjedu.no nyheitsbrev
Få ein epost kvar gong det skjer noko nytt! Skriv inn epost-addressa di for å abonnere:

Copyright © 2002-2010 Sørstranda Utviklingslag - Datamann: Andreas Ravnestad - Sist oppdatert: Forrige veke en gong