![]() |
||||||||||||
|
Haustfesten vert i år søndag den 3.oktober. Utan å røpe for mykje av programmet, kan vi seie at det i år vil dreie seg mykje om utviklingslaget sine siste påfunn her på Sørstranda. Dugnad på Nibba I byrjinga august var nokre av 4H-arane oppe på Nibba for å få ordne litt i og rundt hytta. Det vart vaska innvendes, og utanfor vart det laga til fleire steinbenkar som folk kan sitje på. Sandvolleyballbane på Ryggjaøyra Utviklingslaget på Sørstranda har hatt mange nye prosjekt dette året, noko som ungdommen i bygda set veldig pris på. Eit av dei nye tiltaka er ei sandvolleyballbane som er laga til på Ryggjaøyra. Bana er laga på dugnad av ungdommen her på stranda, med Jakob Rygg og Johnny Ravnestad i spissen, medan Utvikingslaget har betalt for det som vi ikkje fekk gratis. Skatepark på Rygg Utviklingslaget har óg fått i stand ein skatepark på området ved Runnevang. Skatarane i bygda har jobba lenge for å få støtte frå Utviklingslaget til dette prosjektet, og etter mykje om og men, fekk dei til slutt skateparken sin. Plakettfest i Runnevang Den 21. februar vart det halde plakettfest for alle plakettmottakarane i fylket. Det var 4h-klubbane i Gloppen som arrangerte, og festen vart halden i Runnevang. Sjølv sytte vi for underhalding med diverse programinnslag. Deretter vart det middag og kake og kaffi. Sjølve plakettutdelinga var det Per Steinar Osmundnes og Kari Paulen som tok seg av. Heile 51 plakettmottakarar frå heile fylket hadde møtt opp for å få denne gjeve statuetten. Nibbehytta!
|
|||||||||||