Galleri 1: Aspirantleir med tur på Nibba, august 2002
Den årlege aspirantleieren for 4H-arane i Gloppen vart i år halden på Ryggjastøylen. I dette høvet, tok vi også ein tur for å sjå på Nibbehytta.
Vi har starta tidleg frå Ryggjastøylen og er allereie oppe ved Pikasteinen.
Her kryssar vi elva i Kjørdalen.
Ein pause før vi går stigninga opp mot toppen.
Alle er glade for å ha kome opp.
Vi må snekkere litt.
Det er plass til mange inne i hytta.
Galleri 2: 1. gravetur 2003
Den vakre Kjørdalen var dekt av snø.
Vatnet var dekt med is, så for å få tak i vatn måtte eg hogge hol i isen med spaden.
Klar til å gå det siste stykket mot toppen
Råsa opp mot toppen var stort sett berr, så det var enkelt å kome seg opp. Dessutan var snøen ganske hard, så eg kunne gått på den også.
Halvvegs opp mot toppen. Nyt den flotte utsikta nedover.
Mitt fyrste møte med hytta. Det var mindre snø enn det eg hadde forestilt meg.
Varden på toppen.
Varden med innebygd inntak av luft til hytta var heldigvis snøfri.
Så mykje snø var det rundt hytta.
Her må det gravast litt ja.
Om litt kan eg kome meg inn
Innskriving i trimboka høyrer også med.
Naturkreftene har vore snille med hytta i år. Då vi opna hytta i fjor var taket blådna, men no er det jo ingenting å sjå. Både betre ventilasjon og meir lakking kan vere grunnen til dette.
Her er det snart klart for overnattingar.
Kven vert fyrstemann?
Galleri 3: Tjæring av hytta, 30.august
Sigleif gler seg til å kome i gang med arbeidet
Knut har leita fram tjæra
Dørlistene må også ha eit strøk
Sigleif er godt i gang
Hytta vart fin!
Galleri 4: Gudstneste på Nibba, 31.august
Kløveren 4H arrangerte guida tur opp Geisvora
Jens Gule kviler ut på toppen
Anders Gule(til høgre for døra) og Sigleif Myklebust Ravnestad(i framgrunnen) var turleiarar opp Geisvora.
Presten er nett komen
Mange folk hadde møtt opp
Her er eit bilete teke etter at gudstenesta var ferdig