Siste oppdatering:

Ansvarlege for sida: Knut Rygg
Anders Gule

31.august 2003

Gudsteneste på Nibba

Sjølve gudstenesta var eit samarbeid mellom Kløveren 4H og soknerådet. Kløveren 4H arrangerte 2 ulike turar, medan Harald Forland sytte for preika. Begge turane starta frå Ryggjastøylen klokka 11.00. Den kortaste gjekk inn til Instevatnet i Traudalen før den svinga opp Geisvora og enda på toppen av Nibba. Denne turen var den mest populære og hadde om lag 25 turgåarar. Den andre turen starta også på Ryggjastøylen og fortsette inn Traudalen. Men han gjekk vidare inn i Klype, opp Ljoren, bak til Styggevatna, og fram att til Nibba. Lengda på turen var godt 18 km og litt lengre for dei som gjekk om Vidstøylsegga. Til saman var det 19 stk som tok denne lange varianten.

Klokka 16.00 starta Forland preika, og gudstenesta varte i ein halv time. Det var om lag 100 menneske som hadde teke turen opp denne dagen.


30.august 2003

Hytta får eit strøk med tjære

Veret tek hardt på toppen av Nibba og tjæra som vart smurt på for 2 år sidan var nesten vekke. Sigleif Myklebust Ravnestad og Knut Rygg pakka difor tjæra i sekken og gjekk opp for å smørje eit nytt strøk. På vegen opp merkte vi råsa frå Instevatnet i Traudalen og opp til toppen av Nibba. Bileta kan du sjå her.


31.juli 2003

Helikoptersimulator

Prøv dette nye javaspelet der du skal hjelpe Kløveren 4H med å bygge Nibbehytta. Din jobb er å frakte den tunge materialen opp til toppen av Nibba. Men du har jo sjølvsagt helikopter. Prøv spelet


04.mai 2003

Overnattingsboka er no på plass

... i bomkassa i Øyane. Her kan ein skrive seg inn dersom ein planlegg å overnatte i hytta, og ikkje vil at det skal kolidere med andre som har tenkt å gjere det same. Prinsippet med fyrste mann til mølla gjeld også her.

03.mai 2003

Fyrste gravetur.

Veret var fint og det høvde med ein tur opp på Nibba. Eg tenkte eg fekk ta med spaden og sjå om det var noko snø å grave vekk. Kjørdalsbakkane var dekt med snø, men han var hard og fast og god å gå på. Elva var framleis ikkje opa nokon stad, så det tryggaste var å gå heilt inn til vatnet før eg kryssa. Vatnet var islagd, så eg måtte hogge hol med spaden for å få noko drikke. Frå Kjørdalen og opp på toppen var det enkelt å gå, for det hadde smelta vekk ganske mykje snø. Ein kunne følge snøbare rabbar nesten heilt til toppen. Når eg var oppe, såg eg litt i trimboka. Det hadde vore ganske mange her oppe allereie. Ei heil klasse frå folkehøgskulen hadde vore på ski her ein dag. Men det var tydelegvis ingen som hadde vore inne i hytta. Det var ikkje så mykje snø her oppe i år, og hytta stakk godt ut. Eg tok til å grave rundt murane, og fjerna snøen på 3 av veggane. Så fekk eg lyst å sjå korleis det stod til inne i hytta. Eg var spent på å sjå om ventilasjonsutbetringa hadde hjelpt på. Då vi opna hytta for fyrste gong i fjor, vart vi møtt med synet av eit gjennomblådna tak. Den fyktige lufta inne i hytta hadde slått seg på taket og gjort stor skade der. I løpet av sommaren måtte vi lute taket og lakke det på nytt. No gjenstod det å sjå om det var like gale i år. Eg tok av ytterdøra og sette ho til sides. Så opna eg innerdøra og kika inn. Eg fekk meg ei positiv overrasking. Lufta inne i hytta var verken rå eller fuktig, og taket hadde greidd seg heilt fint. Det verka nesten som om fjølene var enda meir trekvite enn dei hadde vore. Eg hadde ikkje tid til å vere mykje lengre, så eg grov litt til før eg reiste ned att.

- Turrapport frå Knut Rygg


30.april 2003

Hytta er for tida innesnøa.

Arbeidet med å grave ho fram vil ta til snarast.
Slik som hytta ligg plassert, vil ho vere snødekt lenge etter at snøen tek til å smelte. Hytta ligg nemleg i eit snøleie, og då tek det litt tid før alt smeltar vekk. Difor har det vore vanleg å grave vekk snøen frå hytta. Dette arbeidet kan truleg ta til i byrjinga av mai.